Dei fantastiske hagehønsa

Høns har ei viktig rolle i den naturnære hagen. Hos oss har me to flokkar, Islandshøns (dei gamle vikinghønsa) og den vesle Serama. Dei siste er utruleg tamme og sosiale. Helst legg dei seg to og to når det skal leggjast egg, og det trass i ledige boksar andre stader.. Dei tre på bildet under er Sabrina, Sybilla og Sandra (alle med etternamn Serama).

Høns er – til liks med grisen – meir eller mindre omnivore, altetande. Omdanning av matrestar til ny mat (egg) er deira spesialitet. Men høns er nyttige til langt meir enn berre eggproduksjon. Dei er i røynda fantastiske medhjelparar i omdanning og kompostproduksjon.

I den naturnære hagen hos oss går hønsa på halm både ute og inne. Eg har sett mange skrekkeksempel på faste hønsegardar som består av gjørme og lag med gammal hønseskit. Då ligg det meste til rette for anaerobe tilstander og store mengder skadelege, kanskje til og med farlege, bakteriar. Sjukdomane vil florera.

I staden skal dei gå på halm (om du då ikkje har areal til stadig å flytta dei rundt). Etter kvart som hønsa vender, vil halm og hønseskit gradvis bli kompostert. Etter ei stund tek me den inn i Komposthuset der store mengder meitemark hjelper til med å produsera ferdig, høgkvalitets kompost. Og så legg me eit nytt lag med halm i hønsegarden ute.

Enkelt og veldig effektivt.

Og ein ting til: høns er uhyre trivelege dyr med stor personlegdom. Gamle kan dei og bli. Sjefshanen Hentur (Sit på fanget mitt på eit av bilda under. Alle islandshønsa våre har forresten namn som sluttar på -ur), vart klekt i 2010, men me har og ei høns (den kvite islandshønsa på bildet med dverg-flokken) som vart klekt heilt tilbake i 2007. Den blir altså 12 år no i vår, og er framleis i full vigør.

Nye kyllingar blir ein del av den nye våren. I år klekte me alt for fleire veker sidan. Desse går no på dagtid ute i ein drivbenk, der dei finn mykje godt og spennande i fjorårsmold og mellom visna lauv.

Me held forresten på med ein liten manual i småskala hønsehald. Den blir lagt ut her i Komposthuset om ikkje så lenge.

Her får de nokre bilde av hønsa våre i den naturnære hagen.

Mvh

Dag Jørund