Collection: 123-åkeren

Å oppnå fine, runde såbed er ikkje gjort i ei handvending. Retting: Det VAR ikkje gjort i ei handvending. For no kjem 123-åkeren!

På, nettopp, 1-2-3!, så har du den perfekte grønsaks-, urte- eller blomeåker. På plenen, i oppkjørselen, på terrassen, ja eigentleg kor som helst..

123-åkeren er laga i filt, og me har den i to fargar. Svart og lilla. Den held fint på fasongen under oppfylling, og sirkelforma gjer at den er lett å fylla opp med matjord/kompostjord (sjå video under). Du kan også bruka anna organisk materiell som plenklipp (ikkje for tjukt lag!) og oppkverna greiner, etc. Den som har bokashi, kan også grava ned den her.

Start med å fylla masse ut mot kantane, slik at åkeren får den runde forma den skal ha. Fyll inn i midten til slutt. Og vipps så har du ein flott åker med plass til veldig mange pryd- og/eller nyttevekstar!

123åkeren er også eit godt utgangspunkt for den som vil etablera meir permanente, sirkelforma såbed. Når åkeren er på plass, kan det løast stein eller byggjast rundt den.

Ettersom åkeren er laga av organisk materiell, vil den bli omdanna over nokre vekstsesongar.

Storleik 120 cm i diameter. 30 cm djup.

2 products
  • 123åkeren svart
    Regular price
    389,00 kr
    Sale price
    389,00 kr
  • 123åkeren lilla
    Regular price
    389,00 kr
    Sale price
    389,00 kr