Collection: Handlagde reiskap i kopar og bronse. Reiskap du blir glad i

Menneske har brukt reiskap av kopar og bronse i 6000 år. Nokre få i Europa kan endå kunsten å laga dei. Dei reiskapane Komposthuset tilbyr er handlaga av kunstnarane Tina og Tomaž Kvasnik frå Slovenia.

Desse verktøya er ikkje for den som likar å kjøpa nytt kvart år (fordi det ein kjøpte billeg knekte eller bøygde seg). Koparreiskap kostar meir, men så er dei og meint å skulla vara meir eller mindre livet ut. Dette er høgkvalitetsutstyr som varer, utstyr du vil bli meir og meir glad i for kvart år som går. Produsentane gir 25 års garanti på kopardel og 2 år på skaft (laga av bjørk eller ask).

Kopar rustar ikkje. Men du vel sjølv om du vil pussa dei med jamne eller ujamne mellomrom for å behalda gull-gløden, eller om du heller vil ha den grønaktige patinaen som kjem når koparen eirar. Det løner seg uansett å lagra dei innandørs, ikkje minst grunna treskaftet.

Er du plaga med sneglar i hagen? Mange hevdar at koparreiskap er noko av det mest effektive, giftfrie bekjempings-alternativet. Sneglane skyr dei luktspora koparen etterlet i molda, blir det sagt. Det er også gjort forsøk med dette. 

Vakrare gåver finn du uansett ikkje! Kvart reiskap er eit sjølvstendig kunstverk.

Komposthuset lagerfører både små og store hagereiskap i koppar. Utvalet vårt finn du her.

8 products
  • Bestevenn
    Regular price
    Sold out
    Sale price
    579,00 kr
  • Den Gylne Spade.
    Regular price
    589,00 kr
    Sale price
    589,00 kr
  • Hjarte
    Regular price
    579,00 kr
    Sale price
    579,00 kr
  • Koparpinnen
    Regular price
    509,00 kr
    Sale price
    509,00 kr
  • Store Bronsivator
    Regular price
    1.499,00 kr
    Sale price
    1.499,00 kr
  • StoreBlenk
    Regular price
    1.199,00 kr
    Sale price
    1.199,00 kr
  • Vesle Bronsivator
    Regular price
    899,00 kr
    Sale price
    899,00 kr
  • VesleBlenk
    Regular price
    919,00 kr
    Sale price
    919,00 kr