Collection: Hagehanskar i skinn

Hanskar går det mykje av for den ivrige hagedyrkaren. Hagehansken er utsett for store påkjenningar i arbeidet med mold og ymsande plantar i ymsande vær. Det kan difor fort gå nokre par gjennom sesongen, og då bør hanskane så langt det er råd lagast av materiale som ikkje ureinar.

Hanskane Komposthuset tilbyr er i all hovudsak laga av skinn frå gris og storfe. Skinn er svært behageleg på og det formar seg etter handa. OG, ikkje minst, skinn er organisk og kan komposterast! Når hansken har gjort sitt, er det rett og slett å klippa opp alle skinndelane og leggja dei rett i kompostbingen.

Skinn er ikkje vasstett, men held godt på passform sjølv om det blir vått. Våte skinnhanskar bør ikkje tørkast ved for høg temperatur.

Komposthuset tilbyr to korte skinnhanskar for vanleg hagearbeid, og ein ekstra kraftig og lang hanske som vil vera perfekt for dei meir krevjande oppgåvene som hausting av brennesle eller arbeid med stikkande plantar.

3 products
  • Allround hagehanske
    Regular price
    79,00 kr
    Sale price
    79,00 kr
  • Tettsitjande skinnhanske
    Regular price
    149,00 kr
    Sale price
    149,00 kr
  • Skinnhanske for dei tøffe jobbane
    Regular price
    509,00 kr
    Sale price
    509,00 kr