Collection: Aerobin: Kompostbingen som luftar seg sjølv

Du er aldri så nære naturen som når du komposterer, skriv Dag Jørund Lønning i Jordboka II. Sjå video med Dag Jørund Lønning som presenterer Aerobin under!

Alt organisk materiell kan i utgangspunktet komposterast. Men kompostering kan av og til framstå som ein kunst. Mange har prøvd og mislukkast. Der ein håpa på næringsrik og velluktande kompost, enda ein opp med ein slimete og gjerne stinkande masse. Betydelege klimautslepp, i form av lystgass og metan, har ein i så fall også bidrege med..

Grunnen? Mange av dei tradisjonelle kompostbingane på marknaden er ikkje eigna til å gje eit godt resultat. Varmkompostering av m.a. matavfall krev rikeleg oksygentilgang. Komposten må vendast regelmessig, men mange av desse bingane er alt for store til å kunna gjera dette effektivt. Ein kjem i praksis til berre i øvre lag, medan resten vil bli liggjande utan oksygentilgang. Då vil ein aldri kunna få skikkeleg kompost! I staden sit ein att med ein delvis illeluktande masse og svekka motivasjon..

Motsett vil alt for mykje manuell vending, gjera at dei særs viktige og nyttige sopphyfane heile tida blir brotne opp. Soppen får for lite tid til å etablera seg, og dette vil påverka omdanninga i komposten. Det blir for lite sopp, og den ferdige komposten får lågare kvalitet. I alle fall blir den mindre eigna til å bruka på bl.a. buskar, tre, roser, og fleirårige plantar generelt. Dette er plantar som har sitt opphav i mold med moderat til svært høgt soppinnhald, og dei er avhengige av dette for å trivast optimalt og for å motstå sjukdomar.

Komposthuset har no løysinga på denne doble utfordringa! For første gong i Norge presenterer me Aerobin – det sjølvluftande komposteringssystemet. Ein patentert luftekanal går tvers gjennom heile bingen (sjå video med Dag Jørund  under), og sørgjer for vedvarande oksygengjennomstrøyming. Behovet for manuell lufting fell difor bort. Soppen får også rikeleg med tid og rom til å etablera seg. Det same gjer kompostmarken. Mange tilset mark i desse bingane for å setja ekstra fart på omdanninga. Behovet for markkompostering fell då bort.

Aerobin produserer høgkvalitetskompost og blei i ein test kåra til verdas beste kompostbinge (400l-versjonen). Den har doble veggar med isolering, og kan difor brukast heile året. I botnen er det i tillegg eit oppsamlingskar for kompostvæske, ei væske som berre renn bort frå dei aller fleste andre bingar. I Aerobin kan denne væska tappast via ein kran i botnen og brukast som tilleggsnæring for plantane (for å sikra enkel tapping, bør bingen byggjast litt opp frå bakken).

Aerobin finst i to storleikar – 200 l til den vesle og 400l til den store hagen (eller gardsbruket). Selskapet tilrår 400l for ein familie på fem eller fleire. For dei som ønskjer å varmekompostera hageavfall (lauv, kvistar, gras, ugras, etc.) i tillegg til kjøkenavfallet, er også 400l å anbefala. I den er det plass til det meste. Varmekompostering av hageavfall vil redusera snegleutfordringa (for dei som slit med den).

 


 

 

2 products
  • Aerobin 400l
    Regular price
    4.999,00 kr
    Sale price
    4.999,00 kr
  • Aerobin 200l
    Regular price
    3.099,00 kr
    Sale price
    3.099,00 kr