Collection: Vekstposen. Det plast- og torvfrie alternativet for planteoppal

Hageindustrien har diverre gjort seg avhengig av miljøskadeleg plast til potter og klimafiendtleg torv til å ha oppi dei. Millionar på millionar av småplantar veks opp i tronge plastpotter fylte med kunstgjødsla torvprodukt. Heime i hagane til folk så hopar dei tomme plastpottene seg opp..

Slik treng det definitivt ikkje vera! Det finst alternativ som verken baserer seg på torv eller som ureinar miljøet med plast.

I den 100% organiske og torvfrie Vekstposen får plantane dine ein optimal start. Her kjem lufta til røtene frå alle kantar, og forma på posane gjer at røtene får utvikla seg fritt og søkja nedover etter næring. Planten utviklar då eit stort rot-volum på kort tid, og vil difor vera veldig godt rusta for overgangen til livet i den frie og levande molda.  

Dei minste posane er optimale for såing eller første utprikling. Dei større kan brukast til vidare oppal, og dei største til plantar som tomat og agurk, eller til og med som innerpotter for store nytte- og prydplantar.

Posane fyllest med god matjord og/eller kompostjord.

Posane blir naturleg omdanna i molda. Posen treng difor ikkje takast av ved utplanting. Dei kan også komposterast.

Vekstposen er laga av pressa mais- og risfiber.

Me sel dei i pakkar a 25 stk for dei tre minste storleikane, og i pakkar på 5 stk for dei største. 

 
4 products
  • Vekstposen medium
    Regular price
    55,00 kr
    Sale price
    55,00 kr
  • Vekstposen medium pluss
    Regular price
    55,00 kr
    Sale price
    55,00 kr
  • Vekstposen liten
    Regular price
    40,00 kr
    Sale price
    40,00 kr
  • Vekstposen liten - brei modell
    Regular price
    40,00 kr
    Sale price
    40,00 kr