Aerobin 400l

Aerobin 400l

Regular price
4.999,00 kr
Sale price
4.999,00 kr
Tax included. Shipping calculated at checkout.

LAGERSTATUS: PÅ LAGER

Denne bingen tek unna det meste av både avfall frå kjøkenet og hagen. Hos oss brukar me den til å varmkompostera både matavfall og hageavfall. Då blir me kvitt utfordringa med ugrasfrø og rotstenglar som spirer. Kaldkomposten er også attraktiv for sneglar - for dei som har den plaga. Med å bruka Aerobin i staden slepp ein det.

Aerobin 400l er veleigna som kompostbinge for hageentusiasten, for gardstunet, for ein litt større familie, eller for fleire familiar i lag. Den kan også fungera med kompostmark. Då får ein det beste av fleire kompostsystem i eitt.

Det unike, patenterte sjølvluftingssystemet eliminerer eller reduserer vendebehovet til eit minimum (men sjå også under). Ein tank fangar opp all kompostvæske. Denne blir verdfull næring for plantane dine! Termometer er integrert i fronten.

Aerobin 400l har hausta strålande kritikkar i test.

 NB! For å sikra eit vellukka resultat anbefalar me alle som startar med varmekompostering å lesa seg opp på temaet eller gjennomføra eit enklare eller litt utvida kurs. Ikkje minst treng ein noko basiskunskap i korleis ein på best mogleg måte balanserer karbonhaldige og nitrogenhaldige materialar.