Mennesket i naturen. Regenerativ etikk for ein ny grøn revolusjon
Mennesket i naturen. Regenerativ etikk for ein ny grøn revolusjon

Mennesket i naturen. Regenerativ etikk for ein ny grøn revolusjon

Regular price
219,00 kr
Sale price
219,00 kr
Tax included. Shipping calculated at checkout.

Kvifor held me fram med å øydeleggja naturen når me alle veit at me er fullstendig avhengige av den?

Dette er eit av dei store spørsmåla professor Dag Jørund Lønning utforskar i essayet Mennesket i naturen. Regenerativ etikk for ein ny grøn revolusjon.

Svaret, skriv Lønning, handlar mykje om den makt «dei siamesiske erobrartvillingane Industrilandbruk og Forbrukarsamfunn» har fått over sinna og økonomien vår, men kanskje endå meir om vår tilrana «rett» til å heva oss over og utbytta anna liv for å oppfylla våre eigne interesser og behov.

Dette brutale ranet er drivande både for klimaendringane og dei katastrofale, akselererande naturmangfaldstapa me høyrer meir om kvar dag.

Men så, når det ser som aller mørkast ut, dukkar det opp eit nytt håp. Eit håp om ei heilt ny retning for mennesket.

Den regenerative, naturbyggjande, revolusjonen kan koma til å snu opp-ned på jordbruket. Tilsvarande for måtane me planlegg og byggjer husa og nærmiljøa våre.

Men det stoppar ikkje der. For i det regenerative ligg også kimen til ein ny naturetikk, ein revolusjonerande etikk om mennesket som ein byggjande art i naturen. Ein etikk som kan vera med og visa vegen til den grøne, kompostmoderne framtida.

For å koma dit står me likevel overfor mange val. Me, skriv Lønning, treng eit nytt og inkluderande naturomgrep. I teksten hiv han såleis ut følgjande brannfakkel: Er det rett og slett tid for å bytta ut dei omgrepa som har dominert naturvernet og studiane våre av natur det siste hundreåret; «økologi» og «økosystem»?  

Teksten kan lesast som eit sjølvstendig arbeid, men også som eit tillegg til Jordboka, Jordboka II og Kompostboka.

Essayet er utgitt som e-publikasjon i lesarvennleg flippbok-format. Det er rikt illustrert med Lønning sine eigne foto. Ved kjøp vil du få tilsendt ei lenke og eit passord. Desse opnar leseutgåva av publikasjonen, og gjev deg også høve til å lasta denne ned om du ønskjer dette.

Eboka har 88 sider