Kurs i regenerativt hagebruk/jordbruk
Kurs i regenerativt hagebruk/jordbruk

Kurs i regenerativt hagebruk/jordbruk

Regular price
1.399,00 kr
Sale price
1.399,00 kr
Tax included. Shipping calculated at checkout.

I dette kurset ser me på heile hagen. Korleis kan du utvikla hagen din i samspel med dei produktive kreftene i matjorda og naturen?

Kan me byggja ein hage med

  • levande mold
  • produksjon av sunn mat
  • rikt dyre- og fugleliv
  • eit mangfald av vekstar
  • og til og med karbonfangst?

Det kan me! Hagen kan bli eit spiskammers så vel som ein klimavinnar. I den naturnære hagen møter natur kultur – og omvendt. Her er me menneske i trivselsmodus, samtidig som me er uhyre tett på naturen rundt oss. Kanskje til og med midt i..

Kursleiar Dag Jørund Lønning sjonglerer mellom det svært så konkrete og det filosofiske. Mellom praktiske råd og verktøy på den eine sida, ikkje minst om kompostering og bruk av kompost, og betraktningar om menneske si rolle i naturen på den andre. Du får og eit innblikk i det fantastiske økosystemet i molda og organismane som skapare den produktive matjorda. 

Dette kurset kjem til å endra deg både som hagedyrkar og som menneske. Du får meistringstru. Du får og ei rolle og konkrete oppgåver i kampen for den naturnære framtida.

 Kursa blir haldne i vår naturnære hage i Bogsdalen, Hå kommune på Jæren. Dersom det er nok deltakarar, kan dei haldast andre stader i landet også.

Kursdatoar 2019 :

25.mai kl. 10 - 15

15.juni kl 10 - 15

14.september kl 10 - 15

12.oktober kl 10 - 15

NB! Noter dato i meldingsfelt under betaling - eller send epost til til@komposthuset.no med opplysning om kva dato du ønskjer. Skriv eventuelt også om alternativ dato er aktuelt.

 

Praktiske opplysingar om kurs og betaling:

Kurset går over 5 timar, inkludert enkel lunsj. Det blir gode høve til diskusjon og erfaringsutveksling. Minimum 6 og maks 12 deltakarar pr kurs.

Siste påmeldingsfrist 1 veke før kursdato (kjem ein seinare enn dette, send epost for å høyra om kurset går/har plassar før påmelding).

Dersom kursdato ikkje oppnår minimum 6 deltakarar ved utløpet av påmeldingsfristen, blir kurset kanselellert og innbetalt beløp tilbakebetalt. 

Kurset går over 5 timar inkludert lunsj. Maks tal deltakarar er 12 pr kurs.  

Og elles bør det jo nemnast at me ligg ein knapp kilometer frå Norges mest fantastiske strender, og tre kilometer frå vakre Ogna. Det er fleire overnattingstilbod i området.