Komposttermometer

Komposttermometer

Regular price
249,00 kr
Sale price
249,00 kr
Tax included. Shipping calculated at checkout.

For den som varmekomposterer, er eit komposttermometer nesten eit «must». For låg temperatur, og lite skjer i bingen. Då kan ein justera med å tilsetja meir nitrogenhaldig materiale.

Frå 40 grader og oppover, vil ein oppleva at omdanninga skjer fort. Kjem ein over 60 grader, vil ein også ta knekken på det meste av ugrasfrø og det som eventuelt måtte vera av patogene organismar.

Blir det for varmt, over 70 grader, risikerer ein at den aerobe  komposteringsprosessen blir anaerob. Næringsstoff blir då tapt som metan og lystgass. Og komposten vil byrja å lukta vondt.

Då må komposten luftast md ein gong, og det må tilsetjast meir karbonhaldig materiale.

Eit komposttermometer gir deg god kontroll på komposten. Å varmekompostera uta termometer, kan vera eit sjansespel..

Vårt termometer er 50 cm langt, og har Celsius-skala.