Kurs i kompostering

Kurs i kompostering

Regular price
1.399,00 kr
Sale price
1.399,00 kr
Tax included. Shipping calculated at checkout.

Du er aldri nærare naturen enn når du komposterer, skriv Dag Jørund Lønning i Jordboka II. Lite ein gjer kjennest meir meiningsfullt. Her kan kvar og ein gjera ein kjempeinnsats mot miljøureining og klimaendringar.

Å kompostera er ikkje primært å bli kvitt eit problem, det er å setja fart på naturen si vedvarande omdanning av organisk materiale til nytt liv.

Å kompostera å bruka ein ressurs («avfall») til å fø livet i molda og til å skapa eit fantastisk vekstmiljø for plantane dine.

I dette kurset går me gjennom alt som skal til for å lukkast med kompost:

  • Kva type organisk materiell kan du kompostera?
  • Kva foregår eigentleg i kompostbingen/haugen, og kva organismar er i arbeid?
  • Korleis set ein saman ein kompost (forhold mellom nitrogenrikt og karbonrikt materiale)?
  • Korleis kan me styra bakterie- og soppinnhald, og derfor kva plantar som vil trivast best i komposten vår?
  • Korleis luftar og snur me komposten?
  • Kva er dei ulike måtane å kompostera på?
  • Kva treng du av utstyr?
  • Kor lang tid går det?
  • Korleis brukar du den ferdige komposten? (Kan me bruka kompost til å fanga karbon frå atmosfæren?)
  • Korleis lagar og brukar me kompost-te?

Gjennom dagen vil kursleiar Dag Jørund Lønning også reflektera over det han i Jordboka II kallar «det kompostmoderne samfunnet». Kan det å kompostera rett og slett leia oss inn i ei naturnær framtid?

Kursa blir haldne i vår naturnære hage i Bogsdalen, Hå kommune på Jæren. Dersom det er nok deltakarar, kan dei haldast andre stader i landet også.

Kursdatoar 2019 :

11.mai kl. 10 - 15

08.juni kl 10 - 15

27.juli kl 10 - 15

31.august kl 10 - 15

NB! Noter dato i meldingsfelt under betaling - eller send epost til til@komposthuset.no med opplysning om kva dato du ønskjer. Skriv eventuelt også om alternativ dato er aktuelt.

 Praktiske opplysingar om kurs og betaling:

Kurset går over 5 timar, inkludert enkel lunsj. Det blir gode høve til diskusjon og erfaringsutveksling. Minimum 6 og maks 12 deltakarar pr kurs.

Siste påmeldingsfrist 1 veke før kursdato (kjem ein seinare enn dette, send epost for å høyra om kurset går/har plassar før påmelding).

Dersom kursdato ikkje oppnår minimum 6 deltakarar ved utløpet av påmeldingsfristen, blir kurset kanselellert og innbetalt beløp tilbakebetalt. 

Og elles bør det jo nemnast at me ligg ein knapp kilometer frå Norges mest fantastiske strender, og tre kilometer frå vakre Ogna. Det er fleire overnattingstilbod i området.